onsdag 23. januar 2008

Å lande på jorda

Det var kontrakta vertsmora mi stod med i hendene. Jussara Brage, jordokkupant sidan 1997, busatt i busetnaden Patria Livre i 2006. Alt saman stod på papiret. Det var plass til å fylle ut kor mange hektar jordstykket hennar er; kor mange til maniok, mais og bønner, kor mange til mjølkeproduksjon. Det var ein fot inn i framtida.

I samfunnsgeografen sin våte draum. Det er der eg har vore den siste tida. Plassert på ein skulepult bakerst i samlingslokalet i busetnaden Patria Livre har eg høyrt 68 familiar diskutere kor dei vil plassere busstopp, industriområder og felles drivhus. Ein busetnad blir ikkje skapt den dagen eksproprieringa blir gjennomført. Då begynner PDAen.

Du kjenner til Brasilia? Hovudstaden som blei planlagt og bygd for Brasil på 60-talet. Vel, kvar PDA er som eit lite Brasilia. PDA står for Plano pelo Desenvolvimento do Assentamento, utviklingsplan for busetnaden på norsk. For ei busetnad er ikkje berre gjennomføring av jordreform, det er og ei heilt ny lita bygd, som alle som bur der organiserar frå grunnen av. Agronomar og teknikarar frå jordfordelingsorganet INCRA samarbeidar med innbyggarane om denne prosessen. Gjennom ein møteserie som tar eit drygt år diskuterar dei seg fram til infrastruktur, kva slags produksjon dei vil ha og korleis dei vil drive. Alle må vere med, alle må bli einige, ellers blir det ingen busetnad.

Bøygen i Patria Livre er korleis. Korleis vil vi drive – individuelt; kvar med sitt jordstykke? Samarbeid; innad i nucleoen, på enkelte produksjonsfelt? Eller bli ein kollektiv busetnad kor lån, produksjonsmidlar og inntekter er felles? Eit jordsmonn så og sei øydelagt av sprøytemiddelbasert fazendadrift begrensar valmulegheitane. Av dei 9,6 hektara kvar familie får råderett over, må fem brukast til mjølkeproduksjon. 4,6 hektar får dei gjere med som dei vil, som for dei fleste resulterar i grønsaksproduksjon.

Med eit lån på 16 000 reais (72 000 kroner) pr familie er det ikkje lett å sette i gong mjølkeproduksjon aleine. Løysinga blir eit samarbeid kor kvar nucleo går saman om å kjøpe og drive fjøs, kyr, mjølkemaskiner og kjøleutstyr. Fem av nucleoane samarbeidar gjerne. To nektar. Dei vil ha sine eigne jordlappar, som dei har drømt om. - Det er vi som har fryst og vore svoltne i årevis for å få jordlappen vår, seier Elisangela fleire gongar under PDA-møtet. Japo frå INCRA ber folk om å sette individuelle ynskjer i andre rekke, men eg forstår godt at det er vanskeleg – det er trass alt livet deira det dreiar seg om, og å gå inn i eit samarbeid utan å ynskje det er ikkje dei beste startvilkåra.

Men skal ein gje opp då? Jussara Brage er blant dei som synast samarbeid er ein god idè. - Å sleppe å mjølke kvar morgon og kveld, sleppe det ekstra banklånet, ha andre å dele arbeidet med, det er viktige fordelar for meg, seier ho, og forklarar at eit godt produksjonsanlegg kostar om lag 100 000 reais. Delt på gjennomsnittleg ti familiar i kvar nucleo, gjer det fortsatt pengar til overs til eigen produksjon og eigne draumar. Ho kastar ballen tilbake til Elisangela: - Kva med å produsere, lære og feile saman med dei du har kjempa, fryst og svolte saman med?

PDA er direkte demokrati. Sjølvsagt blir ein aldri fri frå ytre faktorar ein ikkje har råderett over, men som busatt sit du i fyrste rekke med både rettar og krav. Direkte demokrati er kompromiss; å lyfte på alle steinane til ein finn den som skjuler den gyldne middelvegen. Det er å velge sine kampar, å vite kva kampar som betyr så mykje for deg at du må kjempe dei og kva slags du må legge døde til fordel for heilskapen. Dei var ikkje einige når eg drog, men når eg kjem tilbake ein gong er dei det. For dei veit at det går an: Å ha hovudet i stjernene og beina på jorda samtidig.

Kart over Patria Livre: