onsdag 21. november 2007

Eventyr

Du veit alle barnesangane fraa ´landet´? Bae, bae, lille lam, Old McDonald, Alle fugler og saa vidare. Vel, eg har vore i dei alle saman paa ein gong, foeles det som. Den kollektive, oekologiske agrovillabusetnaden Sepé Tiaraju er like vakkert som eit eventyr, og like utruleg; nesten for godt til aa vere sant... Husa staar saman i ein sirkel, med leikeplass og MST-flagget i midten, rundt ligg jordene, druerankene, fotballbana og skulen, groensakshagen, grisehuset, hoenene tuslar rundt huset sitt, kalvane har eit jorde og mjoelkekyrne eit anna. Sola skin mellom kvite skyer, fuglane fly om kapp med sommarfuglane og kvart tun har like sote kattungar springande rundt. Og det er heilt paa ordentleg, eg lovar!

Til lunsj i gaar aat eg oekologisk squash, roedbetar, potet, gulrot, brokolli, persille, purre, salat, grasloek og egg. Plukka femti meter fraa huset.
We like oekologisk agrovilla.

Ferieromanse

Kvifor eg elskar Brasil? Akkurat no; alle dei tradisjonelle grunnane. Det er fantastisk aa gaa paa eit karneval paa gata naar eg gaar rundt i det du trudde var ein stygg vegkryssby og ventar paa bussen, og aa plutseleg er det fullt av gjoeglarar og klovnar overalt rundt meg, og det dundrar fraa 60 - 70 trommer i sambaorkesteret og folk dansar samba paa stylter og det er alle fargar du kan tenke dge og fleire og alle smil gaar heilt rundt hovudet. Det er lett aa bli glad daa. Naar det ikkje gaar an aa gaa ein einaste dag utan aa treffe nye folk. Naar den superstressa servitoeren paa den lille buffetplassen tar seg tid til aa finne ut kvifor i alle dagar eg ikkje et kjoet? Han forstaar det ikkje, men syns berre eg er rar paa ein morosam maate.

Og Rio. Rio har saa mykje vakkert; vakre menneske, ansikt, fantastiske dreadlocks, gatekunst, fine balkongar og bakgaardar. Eg har aldri opplevd noko saa opent og inkluderande som den byen. Det er utruleg vakkret med folk som er saa stolt av byen sin som klonelaeraren vi traff i den fantastiske flisetrappa i Lapa (ein kunstnar har kledd heile trappa med fliser fraa heile verda), som syns det er kjempestas aa treffe to norskar og fortelle om alt og henge med kompisane hans og drikke cachaça og laere stygge ord paa norsk... Det er umuleg aa dra heim foer neste dag.

Rio luktar kvitlauk og brent plast og blomster og tiss og kokt mais og grilla kjoet. Rio foelest som aa sitte paa eit blad som aldri sluttar aa vekse. Hoeyres ut som ein masse orkester som moetast i eit kryss og paa ein eller annan maate passar saman. Smakar som chili og lime. Og ser ut? Som det lappeteppet det er heilt umuleg aa lage fordi det ikkje fins nok fargar, traadar, stof eller former til det.

måndag 12. november 2007

Gal federal

No er eg saa sint at eg eigentleg ikkje burde skrive noko, men eg klarar ikkje la vere. Hadde eg vore mann, hatt dyr dress og vore over foerti (eller kanskje ein av delane hadde vore nok) hadde eg hatt nytt visum no. I staden har eg oerten svaere drosjerekningar, vaate bein, innestengt sinne og berre 11 dagar lovleg opphald i Brasil. ARG!

Eg hadde aldri trudd det blei nokon kosekveld aa fornye visumet mitt, men det gjekk liksom heilt gale fraa starten av. Vi var flinke aa staa tidleg opp for aa komme i gong, men saa opna ikkje internettkafeane foer ni, bankane ikkje foer ti, frukosten paa hostellet var ikkje foer ni, og naar vi endeleg hadde 1) fylt ut og printa ut skjemaet 2) vore i banken og betalt avgifta 3) kopiert kvitteringa 4) tatt metro og drosje gjennom heile byen til hovudkontoret til Policia Federal (det statlege politiet) saa var det ikkje dit vi skulle likevel, utlandsspoersmaal var midlertidig flytta til flyplassen.

Ny drosje. Vi fann Policia Federal, dei var open, koea var ikkje lang og vi var heilt sikkert paa at vi hadde alle dei rette dokumenta med oss; pass, visum og avgiftskvittering. Men mannen bak skranken var endaa sikrare paa at om vi ikkje hadde med oss returbillett (som vi ikkje hadde, dei ligg i Florianapolis, ca 24 timar busstur vekk) saa fekk vi ikkje nytt visum. Det rare er at vi er dei einaste brasilbrigadistane i historia som er blitt bedt om returbillett - du faar jo ikkje turistvisum utan at du har det, og det visste han godt, men maatte no sjaa billetten likevel. Han sendte oss til flyselskapet for aa skrive ut nye billettar, og saa matte vi komme att i morgon, for det var ikkje paa tale aa halde ope fem minutt lenger for aa hjelpe oss, her skulle det stengast klokka eitt.

Hos flyselskapet traff vi endaa fleire sure menner. Ikkje snakk om at dei kunne skrive ut nye billettar, sidan dei vi hadde ikkje var elektroniske og vi ikkje hadde med oss reservasjonsnummeret eller flightnummeret eller ka faen slags nummer det no var vi sjoelvsagt ikkje hadde sidan det staar paa billettane. Til slutt fekk vi eit slags papir skrive ut paa aatti-talsprinter, men mannane nekta aa skrive under eller stemple det, saa kven veit om det hjelp til noko som helst.

Trippelarg og grumpf. No maa eg bruke morgondagen og til aa snakke med endaa fleire sure byraakratitryner, i staden for aa henge rundt i Rio som kanskje er den finaste byen eg har vore i nokon gong. Jaja. Neste gong eg skal fortelle ei heil historie her skal det vere ei koseleg ei. Eg lovar, for det er nok av dei og. Berre foeles langt vekk akkurat no..


DEL 2
"Du har ikkje rett paa ein dritt! Det er eg om bestemmer her, eg bestemmer kva du har rett paa, 10, 20 eller 50 dagar forlenging av visum. Du har ingen rettigheitar her!"
Jepp, mannen var ikkje noko blidare i dag... Han godtok lappen vaar fraa flyselskapet daa, mot all forventning, men nekta aa gje oss dei 90 dagane vidare vi har krav paa, noko som foerte til at Kine fekk denne skylleboetta. vi fekk berre til dagen etter datoen paa flybilletten vaar, som fleire hadde tenkt aa forandre. Ein kan vel sei det saann at det blei ei lita scene. Det heile endte med at Ingrid ropte etter han at han burde dra aa vaske doar.

SNUT ER UT!

søndag 11. november 2007

Feriekvaler og luksusproblem

Eg leikar turist. For tida i Rio, tidlegare i veka som surfelaerling i Trindade. Eg kranglar paa prisar og nektar aa gje pengar til tiggarar. EG likar det ikkje, samtidig som eg gjer det - det er jo digg med oel til lunsj, hav, varme og tomme dagar? Det burde ikkje vere ein middel- og overklasseluksus? Men det er det, og slik kjennes det. Og eg er skeptisk. Kva kunne feriepengane mine blitt til i Patria Livre? Ein maisaaker? Straum til eit hus? Men om eg skal tenke slik, kva kunne ikkje brigadepengane mine blitt til? Eit hus? Hus til ein nucleo? Ein mann som ikkje treng aa jobbe paa fazenda? Men daa blir det jo bistand! Og det likar vi jo ikkje. Men rettferdiggjer eigentleg solidaritet noko som helst? Solidaritet er vanskeleg, uansett. Eg har vanskeleg for aa forstaa at eg gjer nokon forskjell eller noko inntrykk der eg er, og eg har ikkje noko grunnlag for aa sei at det skulle vere annleis andre vegen. Forskjellane er der jo, uansett. Ingen MST-bonde kan nokon gong lure paa om ho skal ta ein eller to veker ferie. Kva betyr vi for kvarandre? Klarar vi aa uttrykke det?

"Eg gaar fram til mi inste grind,
og du gaar fram til mi.
Bakom der er vi alltid einsam,
og det skal vi alltid bli"

skreiv Halldis Moren Vesaas til ein heilt annan kontekst, men likvel. Vi staar der framfor grinda. Den er hoeg og tjukk. Men vi staar der.


(Ein ting som er heilt sikkert er at alt dette blir forsterka av at eg sit paa Copacabana og skriv. Klasseskilnadane sit mekka. Baade ved favelaen som tyt utover fjellsidene bak hotellklossane, men eg treng ikkje eingong sjaa saa langt. Paa stranda er det dei som ligg, og dei som gaar. Og det er dei som ligg som ligg hoegst opp paa tabellen. Det er dei (vi! for faen) som har raad til aa ta seg fri, og dei som maa jobbe. Jobbe for oss, kan ligge og velge om vi vil ha oel eller ikkje. Aesj.)

Paa vegen

Ikkje at det har skjedd saa mykje i dag, men hadde no overskot til aa skrive litt... Forstod plutseleg at eg har vore gjennom ein MST-pyramide dei siste to maanedane. Fyrst kurset eg var paa, med aktivistane og dei politisk bevisste, som kanskje ikkje er saa mange men veldig, veldig flinke. Saa etablert, fire aar gammal bosetning kor folk har det `trygt`, i betydninga at dei i det minste har orden paa ting, jord og dyr og hus og saant. Mellomtilstanden i Patria Livre kor dei berre ventar og ventar og ikkje kan paaverke noko, fordi alt er opp til INCRA som bestem naar dei skal faa fordelt jorda si og faa laana sine. Og nederst, men absolutt ikkje underst, okkupasjonsleiren vi besoekte, med dei heilt ferske, som nokon er nyfrelst og nokon rett fraa slummen og mange begge deler.

Eg har sett heile den personlege utviklinga som er muleg gjennom aa gaa inn i MST. Kva endringar som er mulege, som ligg i haapet, kampen for og vissheiten om eiga jord. Betydninga av aa halde saman. Men og vanskelegheitane, motsatnden, tida - kva den gjer med folk. Kva slags enorme utfordringar som ligg framfor ein ny jordokkupant.

Skulle gjerne vore med Frente de massas (rekrutteringsgruppa til MST) paa `jobb` (men det hadde nok ikkje vore saa bra for rekrutteringa.. skumle gringos..). Det maa vere ein sproe ting aa gjere, be folk om aa rykke opp heile livet sitt for noko dei ikkje veit kva er, ikkje veit kva vil gje, kva vil ende med. Men samtidig - aa kunne tilby eit alternativ. Tilby ei mor sjansen til aa sleppe aa bekymre seg for om ungen heng med gjengar, dopar seg, er prostituert eller skutt - som eit eksempel. Aa kunne fortelle saa mange suksesshistorier.

Samtidig som det er fem MSTarar som er drept av pistolheiros siste tida. Det er ein kamp dei kjempar! Igjen, fordi det er noko som er verdt aa kjempe for. Og i denne samanheng er det kanskje rett og slett liv.