fredag 21. desember 2007

Fine ting med og i Brasil

- Å sitte i brakka til Marlei og Alinvar når det regnar og sjå på hønene som spring alt dei kan mot skogen.
- Å hjelpe Eodir (12) og Darlei (10) å bære heim Sexta Basica og vere med dei inn og vere der medan dei lær og tullar og lagar fyr i omnen. Og etterpå kjem Jandira (mora) heim og blir glad for å sjå meg der og vi lagar middag og så kjem dei to helsestudentane for å ete, og vi er åtte stykker som et middag i den lille brakke på kanskje tolv kvadrat.
- Å få kjeft og bli utfordra av Fatima, fordi eg ikkje hadde besøkt favelaen i Rio.
- Å danse samba i stova i gokk, hos ein mann som ikkje lenger fikk lov av kona si å gå ut og drikke øl heile tida, så han lagde bar heime i stova - med sambaband.
- At vi lagde mìstica på Encontra Estadual (delstatsmøtet) - og at den fikk Santìn til å gråte!
- Å vere på besøk hos performancekunstnarane Dan og Mara Barren i det fantastiske lille huset deira i skogen over stranda. Den utrulege stemninga det var der - og den gode maten! Og det er så fantastisk med folk som gjer alt dei tenker på slik dei har gjort.
- At eg endå ikkje er lei av ris og bønner
- At eg kan dra tilbake dit ein dag!

chegou de amor..

Kva skal ein sei? Det er over. Eg er langt, langt vekke frå Brasil. Og det er frykteleg trist!

MST er så fint. Det er så fint! Dei neste to åra skal dei satse på massificacão (å bli fleire) e educacão (utdanning), og det er heilt rett og heilt lurt. - Brasil er ikkje klar for revolusjon og sosialisme endå, sa Vilson Santin på delstatsmøtet i Santa Catarina (SC). - Vi må bli fleire og meir opplyste skal vi komme dit.
Sosialisme nedanfrå?! Ja, takk! Og samtidig er det bra for rørsla - dei treng å bli fleire, og dei treng utdanning. Skal frykta for å rive kollektivt overvinnast, skal kvinnene komme ut av husa, og skal målet om agroøkologi og ikkje minst avskaffing av analfabetisme i eigne rekker nås, så er det nødvendig med utdanning, skolering og bevisstgjering.

Og utviklinga frå å berre okkupere brakk jord til og å okkupere jord plaga av monokultur; soya, pinos (australsk furu) og eukalyptus, som eg av ein eller annan grunn får lyst å kalle politisering. Kjempeviktig - og kjempefarleg. Dei går opp mot nokre va dei styrste selskapa i verda (Monsanto bl.a.) - faen så modige dei er! Same veke som vi drog fekk Bouffou, brigadeleiaren i Herdeiros de Contestados (lenger nord i SC), dødstruslar i okkupasjonsleiren Sebastião Sequeira, som okkuperar eit område med nettopp pino og soya. Ein traktor ingen veit kven køyrde (folk mistenker politiet) øydela all avlinga deira.

Men dei har jo faen så rett - ingen blir mette av å ete furutre, og ingen kan dyrke noko anna etter jorda har blitt brukt til soya og jommen meg om det er rettferdig at nokon skal bruke brasiliansk matjord til å dyrke drivstoff til vestlege SUVar. MST står for 40 prosent av produksjonen til innanlands konsum i Brasil. Det burde vel sei det meste?

MST er ein fantastisk heilskap. Eg er utruleg audmjuk for at eg har fått vore ein del av den (og det er ikkje eit ord eg brukar ofte, trur kanskje det er fyrste gongen..). - Gjennom MST har eg lært å bli eit subjekt, før var eg framandgjort, sa Lavratti, som har fått juristutdanning gjennom MST- stipend. Sitatet er på grensa til å få MST til å høyrast ut som ei sekt. Men det er så talande likevel, det er så mange som har sagt liknande ting,at MST har gitt dei eit nytt syn på alt. Dei har gitt meg eit nytt syn på kampen. Den er stor og sterk, den bur i magen endå sjølv om Brasil er langt vekk. Eg saknar dykk, MST.

måndag 17. desember 2007

:

Eg drog i fraa dei. Det er derfor denne teksten har sutte saa frykteleg langt inne. Eg drog I fraa Jussara, 27 aar med fire ungar og ein femte paa veg. Fraa Jandira som alltid hadde popcorn paa omnen naar eg kom og snart skulle begynne aa bygge hus. Fraa delstatsmoetet til MST med klump I halsen og verdas mest betydningsfulle raude silkebaand rundt haandleddet. "Alltid, alltid huske. Aldri, aldri glemme".

Eg drog fraa Patria Livre foer dei var ferdige aa krangle, manioken var kome i jorda men eg blei der ikkje for aa dra den opp att. Eg har vore med paa PDA og Fomenta og moett INCRA og hoeyrt masse krangling og vore paa besoek og blitt kjent med folk og plukka bjoernebaer og laert om foring av grisar og blitt populaer hos smasoestrene i huset og hatt det kjempefint. Saa drar eg. Eg drar fraa deira liv til mitt, ventar ikkje paa jordreforma, forlet dei i dei same liva eg fann dei i.

Alt for mange av tekstane mine har lykkeleg slutt. Paa ein maate skulle eg ynskje at denne ikkje hadde det, for fire maanedar med MST har ikkje vore saa lett. Men eg klarar ikkje slutte aa haape. Haape paa at det gaar bra til slutt med Patria Livre, at dei blir einige. At MST fortset aa rope "a luta par valer" - at kampen har meir meining enn nederlaga og skuffelsane. Vi moetast igjen.

torsdag 6. desember 2007

Heilt og fullt delt

Kjøleskapet i heimen der eg bur er fullt av kjøt. Ei flaske med vatn er det einaste der inne som ikkje er lyseraudt og glinsande. Likevel er vi verken slaktarar, massemordarar eller kannibalar, og det er fortsatt ris og bønner som dominerar på middagsbordet. Forvirra? Du skal få eit hint: vi har ikkje lås på døra.

Kva er ein MSTar? Alt, sjølvsagt, men likevel: MST er avhengig av å vere mange. Små språkfeil skjer ofte i starten, men dei lo godt av meg heime då eg fortalde om okkupasjonen eg hadde høyrt var gjennomført av 17 familiar. 200 var det riktige talet. -17 familiar hadde ikkje kome langt, lo dei. Kvar familie er så viktig, men og – så avhengig. Avhengig. Kan det vere eit positivt ord? Kan det vere eit synonym til det eg prøver å få denne teksten til å handle om – å dele?

Å dele eit glas
Det er ikkje overflod av rikdom i busetnaden Patria Livre. Ting tar tid, og familiane har endå ikkje fått tildelt jord slik at dei har kunne begynne å dyrke. Men det dei har, det har dei saman. Der eg bur er vi ni familiar, og sjølv om vi bur i ni ulike treskur, brakker og mellomløysingar verkar dei ulike dørene mest som ein formalitet. Grunnen til at kjøleskapet vårt er fullt av kjøt er sjølvsagt at det er det einaste kjøleskapet i området. Kjøtet er til ni familiar, ikkje ein. TVen vår har heller ikkje mange naboar av same art, den samlar oss alle og står gjerne på til lenge etter alle vi som søv i huset har lagt oss. Naboane veit å slå av før dei går. Blir det for seint for ungane som er på besøk fins det alltid eit ledig hjørne i ei seng. Og vi treng ikkje ha meir enn eit glas i skapet for å invitere til fest: det blir fylt, sendt rundt, drukke opp og fylt igjen. Mitt og ditt? Kvifor det? Ein busetnad er å jobbe saman. Å dele på MSTsk er ikkje ein-til-deg-og-ein-til-meg, det er alt til alle. Ei kvinne koordinatoren min traff i ein okkupasjonsleir seier det i grunnen best:
”I MST har eg lært å dele ikkje berre det eg har til overs, men det eg har”.

Å dele ei historie
Denne busetnadsperioden eg akkurat har avslutta har bestått mykje av besøk. Om å rusle frå brakke til brakke, seie hei, bli invitert inn. Eg har fått. Eg har fått chimarrão, lunsj, kaker, fått livshistorier. Historier om tre, fem, ti år i okkupasjon, ungar som har flytta, kome tilbake, gifta seg, om ektemenn som jobbar andre stadar, om hunden som er sjuk og det nye huset dei skal bygge når lånet kjem. Og eg har gitt. Gitt dei ein god latter med den dårlege portugisisken min, endå ein når eg fortel at det er mørkt tjuefire timar i døgnet i nord-noreg om vinteren, eller at vi et brød tre gongar om dagen.
Eit lite vindauge til ei verd som kan verke veldig annleis i innpakninga, men som kanskje har litt av det same innhaldet likevel? Kvar våre øyre. Til å høyre og lære. Kvar vår munn. Til å spørre og fortelje. Det delar vi.

Å dele ei tid
Kva fortel vi om oss sjølv? Reflekterar vi over kva vi gjer? Historie blir skrive i etterkant, korleis skal vi vite kva vi er med på i augneblinken? Ei dama sa i ein appell til okkupantane i leiren Sebastião Sequeri at ”eg lurer på om de veit kor viktige de er. Kor stor og viktig kampen dykkar er, og kor bra arbeid de gjer med den”. Eg kan godt sjå for meg at inne blant alle bønnegrytene, klesvaskane og dei forseinka møtene er det lett å gløyme dette. MST er kanskje den største sosiale rørsla i verda, men sjølv ikkje her kan det vere 1. mai kvar dag. Kampen for jord består mykje i å vente. I årevis sit ein og ventar på at byråkratiet skal gå, utan mulegheit til å påverke tempoet i prosessen, fråtatt mykje medbestemmelse over sitt eige liv. Kvardagane kan vere lange. Det er nødvendig å dele ventetida, nødvendig å samlast for å minne kvarandre på kva ein er med på.
For det største MST delar er noko eg aldri får del i: Dei delar målet. Jordreform. Svære greier. Men likevel: veldig konkret. Dei har vunne kvar gong ein familie får jord, kvar gong ein okkupasjonsleir blir busetnad. Ein liten siger, ein liten revolusjon, eit lite steg på vegen mot den store omveltnaden. Målet og middelet er del av den same heilskapen, kjøleskapet vårt er med på kampen. Eg skulle ønske det visste kor heldig det er.