Den nasjonale mobiliseringa til MST begynte som ein fest. Kjenner du munnhellet om latinos som alltid moeter opp ein time eller tre for seint? Det er herved tilbakevist. I bosetninga Patria Livre moeter dei i alle fall opp aatte timar foer avreise. Maa jo rekke aa danse fyrst!
Eg inntar ein litt passiv haldning paa sida av lokalet. Har verkeleg ikkje peiling paa kva eg kan vente meg no. Toer eg haape paa noko fantastisk? Paa massevis av folk i gatene, folk i raudt, som gaar under det same flagget, ropar dei same ropa. Toer eg haape paa ekko i husveggane?
Vi reiste til Florianapolis med to hovudkrav: Legalisering av alle okkupasjonsleirar i Brasil, kor det i dag bur 150 000 familiar, og ei endring av den oekonomiske politikken i landet. Tidleg, tidleg om morgonen mandag 24. september lasta vi av potetene, madrassene og gasskomfyrane vaare utanfor moetesalen til delstatsparlamentet i Santa Catarina. Vi hadde faatt vite at vi skulle sove paa ein Offentleg stad, men dette var kanskje litt meir enn vi hadde rekna med likevel. Etter litt diskusjon med politiet fikk vi lov til aa bli, og to – tre hundre MST-aktivistar spreidde flatsenger utover det blankpolserte steingolvet i myldrearealet. Det saag mykje meir heime ut med det same.
Den fyrste marsjen
Etter morgonkaffi, eit par moeter, oppkvikkande talar og toerrtrening paa kamprop var det klart for dagens fyrste marsj. Og daa meinar eg marsj. Burde har visst det, har sett det paa bileter, men bleir likevel overraska over oppstillinga i to rekker, ein meter mellom, flagga vendt innover. Ulike land, ulike skikkar, antar eg. Artig var det no lell. Vi gikk til sekretariatet for storgods, sola skein, stemmene bar og folk glodde. Vel framme stilte vi oss paa trappa, TV kom og vi sang, og vi leverte krava vaare til dame som jobba der. Ein liten del av ein mykje stoerre kampanje. MST hadde aksjonar i 10 stater den fyrste dagen, blant anna blei jordfordelingsmyndigheiten INCRA okkupert fleire stadar.
Dei to hovudkrava var vidare spesifisert i 17 konkrete krav om alt fraa mjoelkestandardar til kulturtilbod i busetnadane. Maalet med mobliseringa var likevel ikkje aa oppfylle alle krava, daa hadde vi nok sutte der endaa. Maalet var aa innleie forhandlingar med regjeringa, og allerie den fyrste kvelden saag det lyst ut. Kanskje kunne vi reise heim foer vi hadde tenkt? Men ville vi no eigentleg det..?
INCRA
Dagen etter var det ny marsj. No var det jordfordelingsmyndigheiten INCRA som var maalet ogsaa i Florianapolis, men sidan det allereie hadde vore okkupert skulle vi berre markere oss litt. Hovedpoenget med dagen var at vi hadde faatt taletid i Delstatsparlamentet seinare paa dagen. Men fyrst var det altsaa aa stille seg opp i rekker att. Etterkvart kom det ein bil med anlegg og hoegtalarar, det hjelp alltid paa: litt dans og sang medan vi hang utanfor INCRA-kontoret hjalp paa stemninga i midt paa dagen-varmen. Byraakratane paa kontoret saag ikkje veldig overraska ut – det var nok heller ikkje fyrste gongen gata utanfor arbeidsplassen deira var fylt opp av roede flagg og tilsvarande farga capsar.
Men altsaa: snakke for delstatsparlamamentet. Santin fekk aera av aa gjere det. Poenget var visst ikkje snakkinga saa mykje likevel, men at nasjonalt TV var der. Dei intervjua til og med oss! Petter og Kine fekk sei paa engelsk at vi var fraa noreg og stoetta MST. Vi veit ikkje om det kom paa TV, men uansett er det visst ikkje saa ofte nasjonalt TV dekkar MST paa eige initiativ. Internasjonal stoette skadar ikkje!
Mot huset til guvernoeren
Sa eg at det viktigaste denne dagen var moetet? Daa maa eg visst ha gloeymt demoen med 2000 – 3000 fagforeningar vi gikk i paa kvelden. Fagforeiningane til offentlege helsearbeidarar hadde delstatsmoete i Florianapolis og markerte mostand mot privatisering og trygdereform med ein demonstrasjon utanfor huset til guvernoeren. No var det og slutt paa aa gaa paa linjer, noko i alle fall eg satte pris paa. Artigare naar ein kan rusle litt rundt og kjenne paa stemninga og svinge fritt med flagga.
Saa fekk vi sett Brasil sitt terrorpoliti og. Dei var skumle. Med finlandshetter og AG3 og ellers god polstring stod dei oppstilt langs vegen, samt koeyrde forbi i opna bilar. Terrorpoliti mot sjukesystrer. Vi kunne ikkje la vere aa laa oss provosere litt, men passa paa at dei ikkje saag det. Men tenk paa kva det kostar! Terrorpoliti er ikkje billeg. Vi stod utanfor huset til guvernoeren i ein halvtimes tid og holdt nokre appellar. Kva trudde dei?!
Men eg skal ikkje la politet foere til at eg bagatelliserar. Det var veldig, veldig fint aa vere dre, og foeltes rett og riktig og viktig paa alle maatar. Naar dei til og med hugsa oss (den norske brigade) i appellane var taarene naer. Det var skumring, det var flagg, det var groent terror-lys fra huset til guvernoeren, det var akkurat passé vind til at flagga blafra. Det var slik det skulle vere.
Etter dette drog vi heim, men det var heilt i orden. Vi var mette uansett. Og ja; eg hadde hoeyrt ekkoet.