fredag 12. oktober 2007

Den beste tilfeldigheiten

Eg lærte meir dei tre vekene eg gjekk på MST-skule enn eg gjorde dei 12 åra eg gjekk på skule i Noreg. Dette slo ned i meg ein dag. Men eg skjønte fort at det ikkje går an å samanlikne: Det eg lærte på Den statlege skulen for utdanning av aktivistar i MST var så mykje, mykje viktigare.

Educar para liberdade, justicia, egualdade

Utdanning for friheit, rettferd og likskap, betyr det, og er både eit av kampropa vi ropte kvar morgon, og eit av grunnprinsippa til MST. Målet er at alle som bur i busettingar skal utdanne seg på eit eller anna nivå – alfabetiseringskurs eller universitet, alt etter kva som er neste steg i læringskjeda di. Escola Estadual de Formacão de Militantes er eit av dei fyrste stega. Som eit slags innføringskurs i bevegelsen tar den opp alt frå historie, politikk, verdisyn, ideologi og verdiar. Med andre ord: perfekt for ein fersk brigadist med millionar av spørsmål i ryggsekken!

At eg fekk delta på festlegheitane var ingenting anna enn ein tilfeldigheit. Escola Estadual er eit omreisande konsept. MST arrangerar to eller tre kurs i kvar delstat i året. Og tilfeldigheitane ville det slik at akkurat dei tre vekene min fyrstebusettingsperiode varte, var dei tre vekene kurset pågjekk. I underkant av 40 aktivistspirer frå heile delstaten var samla i Patria Livre. Her får de nokre smakebitar frå det tre veker lange kurset.

Smakebit 1

Det er fyrste bolk under temaet politikk og samfunn. For anledningen har vi dratt frå Patria Livre og satt oss på flyet til Italia for å jobbe på skofabrikk. Men huffameg! Flyet styrtar, midt i Atlanterhavet! Heldigvis klarar vi alle saman å svømme i land på ei lita øy. Og med det var rollespelet i gong.

Vi oppdaga at øya ikkje hadde noko av det vi trong, ikkje vatn, vi hadde ikkje klede, ikkje mat og ikkje nokon plass å sove. Prosjektet blei derfor å dele oss opp i grupper og sørge for det nødvendige før natta kom over oss. Etter dette gjekk alt veldig fort. Før eg fikk snudd meg rundt ein gong var folk i gang med å knyte saman tretoppar og fylle sprekkene med kvist og mose til det blei dei finaste brakkene. Etter å ha tenkt meg om eit par gongar forstod eg at dei som gjekk inntulla i mose hadde sørga for klede. Ein fyr klatra opp i eit tre og slo hol på ei plante, ut rann det vatn – så hadde vi det. Og mat? Berre å snu den rette steinen og drepe slangen som bur der, det!

Jepp, eg kunne ha flykræsja med dei folka her kva dag som helst. Heilt sant.

Smakebit 2

Vi har om helse, men eg føl ikkje heilt med. Datt litt ut av alle rare urtenamna som fauk rundt i rommet for ei lita stund sidan. Eg vaknar til av at eg får noko umiskjenneleg slimete, gummiaktig stukke inn i handa. Ein kondom? Nei, då må noko sjå veldig annleis ut her nede. Eit femidom er det! Det hadde eg ikkje trudd eg skulle treffe på fyrste gongen på landsbygda i Brasil.

Smakebit 3

Vi har besøk av Vilson Santin. Han sit i delstatsleiinga og var med å starte MST i si tid. Eigentleg skal han snakke om strategiar og planlegging i rørsla, men fyrst må han snakke om okkupasjonen han var med på i forgårs. Omlag 200 familiar okkuperte ein fazenda lenger nord i staten. Eg sit på fyrste rad og han står over meg. Han spyttar på meg. Armane fektar vilt, han kastar orda gjennom rommet. Eg skjønnar ikkje eit einaste av dei, men det er ikkje så farleg. Det er ikkje nødvendig å skjønne kva han seier for å forstå at sjølv i kvar einaste spyttdråpe som treff meg er det uendeleg mykje kjærleik til kampen og bevegelsen og jorda og ... og det er ganske så fint. Han er ein mann ein må møte, er eg redd.

Smakebit 4

Eg kunne ikkje tekstane, men eg sang med allikevel. Det var kveld, klasserommet var mørkt, ein gitarist leia oss gjennom MST sitt store sangbibliotek. Vi sang om jordreform, okkupasjon, bondemakt og folkemakt, stjernene på himmelen og stjernene i håpet. Berre kamprop avbraut sangen innimellom.

Det kunne ha vore berre mennesker som ropte slagord i eit rom langt unna den verkelege verda, langt unna alt. For det var det det var. Vi var mange i det lille rommet, men ikkje mange i revolusjonen si storleiksorden. Vi var vel alle rimeleg samde, fienden høyrte oss ikkje. Ute var natta ein vegg mot resten av verda.

Men huset var ikkje berre eit hus, natta skjulte ikkje berre verda, og folka var ikkje som folk flest. Det var MST. Ute var jorda dei hadde kjempa for i ti år.