Kven er det eg proever aa lure? Eg er ikkje sosialist, MST er ikkje mitt omraade. Eller jo, det er det jo, men organisasjonen er ikkje min. Eg klarar ikkje sette fingeren paa det, men det er eit eller anna som gjer at eg foeler meg innestengt. Det er kvar gong sokon seier "disiplina", men ikkje berre det. Kvar gong ein av leiarane seier "companheiradas", men det er meir enn det likevel. Om det er heile organisasjonen eller massesuggesjonen eller.. Eg berre skjoenner ikkje MST. Er det sosialistisk i seg sjoelv aa vere med i MST? Skapar dei eit alternativ? Kva gjer dei eigentleg for aa skape andre loeysningar, for aa kunne leve mindre kapitalistisk? Er det det eg saknar?
Saknar absolutt det og, at alle vil ha meir, sjoelv om det ikkje er mykje og eg foeler meg fullstendig raatten som kritiserar dei for det.
Dei vil bli som alle andre. Der har vi det kanskje. Folk i MST vil bli som andre medan eg jobbar kvar dag for aa ungngaa aa bli det. For aa ikkje trenge meir, for aa ikkje faa lyst paa meir. Og det er eg stolt av, det saknar eg. Derfor lengtar eg meg sjuk etter fyrste setningen eg les om demonstrasjonar i koeben. Fordi det er der eg hoeyrer heime. Dette maa sjaast paa som ei utflukt ... saa faar eg haa det moro paa vegen.
For det er jo fint. Dameboendene vi besoekte i forgaars var doedstoeffe. Kjempeviktig det dei sa om aa jobbe for aa vekke folk, at folk ikkje reagerar lenger. Det er jo nesten det viktigaste.
Men for min del maa det kombinerast med eit autonomt miljoe som lev som dei snakkar og driv i aa vere vanleg. Det har blitt meg, meir og meir.