måndag 29. oktober 2007

Historia om daa Siri kom tilbake til busetnaden sin

Det regna. Men det hadde det jo gjort lenge, ikkje sant? Og det var jo tirsdag, og det var jo tirsdag eg skulle dra tilbake, var det ikkje? Og det gjekk jo fint aa komme fram i busetnaden til Ingrid og Petter i gaar?

Daa eg gjekk av bussen regna det fortsatt. "Ja, ja, eg blir vel vaat daa", tenkte eg og la i veg. Under normale forhald er det ein liten time fraa bussen heim til meg. Jordvegane var meir bekkar enn vegar denne dagen, men det gjekk no. Heilt til to gutar kom springane ut fraa brakka si og spurte eg skulle langt. "Ja, til Jussara", sa eg. Daa lo dei. "Elva er til hit", sa den eine og peikte hoegt opp paa laaret sitt. Eg gapte, vanlegvis er det berre ein liten bekk. "Gaar det ikkje an aa krysse den?" spurte eg. "Jo, men bagasjen din kjem til aa bli vaat." Helvete. "Det fins ein annan veg utanom elva, men den er lang", sa han og peikte i omlag motsatt retning av der eg var paa veg. Ja, ja, eg var jo innstilt paa aa gaa.

Og eg gikk. Og gikk. Gjennom bekkar, dammar og minisjoear. Til slutt kom eg fram dit det ikkje skulle vere elv, og det var ikkje elv. Det var innsjoe. "Nei, her kjem du ikkje over", smilte ein tannlaus gammal mann fraa brakkevindauget sitt. Det var berre aa snu.

Paa dette tidspunktet skal eg aerleg innroemme at eg var litt motlaus. Skulle eg proeve meg paa elva? Skulle eg gaa den 8 km lange, ukjente vegen rundt heile busetnaden? Eller skulle eg dra tilbake til byen og ta inn paa hotell? Det var kjedeleg aa gaa langs vegen. Bussen koeyrde forbi. Nei, inga jaevla elv skulle stoppe meg!

Det var kanskje 40 - 50 meter over, umuleg aa sjaa botnen. Kor glatt var den? Eit skritt, alt vel. Eit til, dette gaar jo! Djupare og djupare, men verkar som vatnet stoppar rundt livet. Gaar forsiktig for ikkje aa snuble i busker eller hol - heilt fram til eg kjem paa at tenk om det er slangar i vatnet! (det er masse slangar i busetnaden, men sann i etterkant er eg ikkje saa sikker paa om dei kan symje) Plutseleg gjekk eg litt fortare, og sjoelvsagt trakka eg ut i eit hol. Tok berre tre svoemmetak aa komme oppatt, men minst halve sekken hadde vore under vatnet. Og den, som var omlag 20 kilo i utgangspunktet, blei ikkje noko lettare av det!

Vel oppe maatte eg bestemme meg. Den lange, trygge vegen, eller snarvegen med den litt vanskelege planke- og roeyrbrua? Sjoelvsagt blei det snarvegen. Kunne jo ikkje vere verre enn elva heller? Det saag ikkje saa ille ut daa eg kom fram heller, plankane var litt under vatn men det var ikkje saa hoegt, saa eg trakka uti. I det foten sank nedi skjoente eg kvifor plankane var der i utgangspunktet. Det var ei myr. Sank nedi nesten til kneet foer eg klarte aa stoppe. Dumme gringo! sa eg hoegt til meg sjoelv i det eg klarte aa dra meg opp paa ei lita tue. Saa var det om aa gjere aa halde balansen paa den lille tua, og planlegge vegen tilbake. Fram gjekk det ikkje an aa komme, det skjoente til og med den dumme, vaate gringoen. Eg gjetta me til kva som med stoerst sannsynlegheit var tuer, noko som sjoelvsagt var ein stor omveg, og la i veg.

Det gjekk, men berre saa vidt. Var fleire gongar paa kne og albogar, men takka igjen kroppen min for adrenalinet. Snudde, og var kanskje aller mest forbanna for aa maatte gaa eit langt stykke tilbake til den lange vegen eg hadde valgt vekk.

Eg kom meg heim. Den trygge vegen var fortsatt trygg. Sjoelv om trygg gjerne betyr kjedeleg, og kjedeleg gjerne betyr troett og sliten, saa kom eg fram. Sekken toerka til slutt. Og dagen etter skein sola. Hoeyrde de det? Sol! Kven kan klage daa?!