Ikkje at det har skjedd saa mykje i dag, men hadde no overskot til aa skrive litt... Forstod plutseleg at eg har vore gjennom ein MST-pyramide dei siste to maanedane. Fyrst kurset eg var paa, med aktivistane og dei politisk bevisste, som kanskje ikkje er saa mange men veldig, veldig flinke. Saa etablert, fire aar gammal bosetning kor folk har det `trygt`, i betydninga at dei i det minste har orden paa ting, jord og dyr og hus og saant. Mellomtilstanden i Patria Livre kor dei berre ventar og ventar og ikkje kan paaverke noko, fordi alt er opp til INCRA som bestem naar dei skal faa fordelt jorda si og faa laana sine. Og nederst, men absolutt ikkje underst, okkupasjonsleiren vi besoekte, med dei heilt ferske, som nokon er nyfrelst og nokon rett fraa slummen og mange begge deler.
Eg har sett heile den personlege utviklinga som er muleg gjennom aa gaa inn i MST. Kva endringar som er mulege, som ligg i haapet, kampen for og vissheiten om eiga jord. Betydninga av aa halde saman. Men og vanskelegheitane, motsatnden, tida - kva den gjer med folk. Kva slags enorme utfordringar som ligg framfor ein ny jordokkupant.
Skulle gjerne vore med Frente de massas (rekrutteringsgruppa til MST) paa `jobb` (men det hadde nok ikkje vore saa bra for rekrutteringa.. skumle gringos..). Det maa vere ein sproe ting aa gjere, be folk om aa rykke opp heile livet sitt for noko dei ikkje veit kva er, ikkje veit kva vil gje, kva vil ende med. Men samtidig - aa kunne tilby eit alternativ. Tilby ei mor sjansen til aa sleppe aa bekymre seg for om ungen heng med gjengar, dopar seg, er prostituert eller skutt - som eit eksempel. Aa kunne fortelle saa mange suksesshistorier.
Samtidig som det er fem MSTarar som er drept av pistolheiros siste tida. Det er ein kamp dei kjempar! Igjen, fordi det er noko som er verdt aa kjempe for. Og i denne samanheng er det kanskje rett og slett liv.