No har eg paa meg:
- undertoey
- ullstroempebukse (med flekkar av soele og chimarrão)
- sokkar
- ullsokkar
- bukse
- ullsinglet
- superundertoeygensar
- collegegensar
- sovepose
og eg frys fortsatt! Faen ta regnet! Fraa no av er det min hovedfiende nr 1. Det blir umuleg aa gjere noko. Umuleg aa arbeide. Eg blir aldri frisk. Jorda treng ikkje meir vatn. Arg!
Uansett.
Fylgjande artige ting har skjedd idag:
1. Ei dame trudde eg var 16 aar.
2. Same dama gav meg margarin blanda med honning og sa det var medisin mot forkjoelelse. Eg maate ete masse.
3. Dama vi aat lunsj hos skulle vise oss bibelen sin, og ut ramle det eit bilete. Det var av hennar avdoede mann - som poserte med ein AG3 og ein pistol. Han hadde vore politi.
4. Hennar 8 aar gamle soenn spring plutseleg ut av huset med facãoen (den store kniven - som ein liten machete. Omlag like lang som ungen..). Ei lita stund etterpaa kjem han inn att med med eit pingpongsett han har laga - av to vedskier og kula fraa ein tom deodorant. Kreative ungar her!
5. Eg har ete fylgjande soete ting:
- smaakaker
- brunt sukkervatn (dei paastaar det er kaffi, men eg nektar)
- broed med doce de leite (litt som veldig soet prim)
- meir brunt sukkervatn
- bollar i sjokoladesaus
- broedkake med floeyte og sjokoladepulver
- smultringar
- endaa litt meir kake
Puh! Heilt utslitt av all etinga.