måndag 29. oktober 2007

.. og anger ...

No blir eg litt flau naar eg les det forrige innlegget mitt. Klart MSTarar har rett til hus! Dei har kjempekoselege hus. I alle fall der eg er no, hos Ingrid i busetnaden Anita Garibaldi. Og det er verkeleg stoltheit over kva dei har faatt til, over kyrne og melka og osten og huset og alt saman.. Dei var kjempebra naar dei sat rundt omnen og drakk chimarrão i gaar kveld. Det er nok ikkje mitt maal, men kanskje er det eit maal likevel, aa kunne sitte slik kvar kveld? Ha melka dei to kyrne, sett paa frukttrea som veks, kanskje slakta ei hoene, og vere fornoegd med dagen?

Det er tydeleg at dei ikkje alltid har hatt det slik. At dei har naad eit maal. Kor mange av oss gjer eigentleg det, i vaare liv? Eg veit ikkje eingong kva maalet mitt er (eller, jo, men annleis, andre typar maal, ikkje konkrete og ferdige..). Men all repsekt for dei som har naadd sitt.