onsdag 21. november 2007

Eventyr

Du veit alle barnesangane fraa ´landet´? Bae, bae, lille lam, Old McDonald, Alle fugler og saa vidare. Vel, eg har vore i dei alle saman paa ein gong, foeles det som. Den kollektive, oekologiske agrovillabusetnaden Sepé Tiaraju er like vakkert som eit eventyr, og like utruleg; nesten for godt til aa vere sant... Husa staar saman i ein sirkel, med leikeplass og MST-flagget i midten, rundt ligg jordene, druerankene, fotballbana og skulen, groensakshagen, grisehuset, hoenene tuslar rundt huset sitt, kalvane har eit jorde og mjoelkekyrne eit anna. Sola skin mellom kvite skyer, fuglane fly om kapp med sommarfuglane og kvart tun har like sote kattungar springande rundt. Og det er heilt paa ordentleg, eg lovar!

Til lunsj i gaar aat eg oekologisk squash, roedbetar, potet, gulrot, brokolli, persille, purre, salat, grasloek og egg. Plukka femti meter fraa huset.
We like oekologisk agrovilla.