torsdag 6. desember 2007

Heilt og fullt delt

Kjøleskapet i heimen der eg bur er fullt av kjøt. Ei flaske med vatn er det einaste der inne som ikkje er lyseraudt og glinsande. Likevel er vi verken slaktarar, massemordarar eller kannibalar, og det er fortsatt ris og bønner som dominerar på middagsbordet. Forvirra? Du skal få eit hint: vi har ikkje lås på døra.

Kva er ein MSTar? Alt, sjølvsagt, men likevel: MST er avhengig av å vere mange. Små språkfeil skjer ofte i starten, men dei lo godt av meg heime då eg fortalde om okkupasjonen eg hadde høyrt var gjennomført av 17 familiar. 200 var det riktige talet. -17 familiar hadde ikkje kome langt, lo dei. Kvar familie er så viktig, men og – så avhengig. Avhengig. Kan det vere eit positivt ord? Kan det vere eit synonym til det eg prøver å få denne teksten til å handle om – å dele?

Å dele eit glas
Det er ikkje overflod av rikdom i busetnaden Patria Livre. Ting tar tid, og familiane har endå ikkje fått tildelt jord slik at dei har kunne begynne å dyrke. Men det dei har, det har dei saman. Der eg bur er vi ni familiar, og sjølv om vi bur i ni ulike treskur, brakker og mellomløysingar verkar dei ulike dørene mest som ein formalitet. Grunnen til at kjøleskapet vårt er fullt av kjøt er sjølvsagt at det er det einaste kjøleskapet i området. Kjøtet er til ni familiar, ikkje ein. TVen vår har heller ikkje mange naboar av same art, den samlar oss alle og står gjerne på til lenge etter alle vi som søv i huset har lagt oss. Naboane veit å slå av før dei går. Blir det for seint for ungane som er på besøk fins det alltid eit ledig hjørne i ei seng. Og vi treng ikkje ha meir enn eit glas i skapet for å invitere til fest: det blir fylt, sendt rundt, drukke opp og fylt igjen. Mitt og ditt? Kvifor det? Ein busetnad er å jobbe saman. Å dele på MSTsk er ikkje ein-til-deg-og-ein-til-meg, det er alt til alle. Ei kvinne koordinatoren min traff i ein okkupasjonsleir seier det i grunnen best:
”I MST har eg lært å dele ikkje berre det eg har til overs, men det eg har”.

Å dele ei historie
Denne busetnadsperioden eg akkurat har avslutta har bestått mykje av besøk. Om å rusle frå brakke til brakke, seie hei, bli invitert inn. Eg har fått. Eg har fått chimarrão, lunsj, kaker, fått livshistorier. Historier om tre, fem, ti år i okkupasjon, ungar som har flytta, kome tilbake, gifta seg, om ektemenn som jobbar andre stadar, om hunden som er sjuk og det nye huset dei skal bygge når lånet kjem. Og eg har gitt. Gitt dei ein god latter med den dårlege portugisisken min, endå ein når eg fortel at det er mørkt tjuefire timar i døgnet i nord-noreg om vinteren, eller at vi et brød tre gongar om dagen.
Eit lite vindauge til ei verd som kan verke veldig annleis i innpakninga, men som kanskje har litt av det same innhaldet likevel? Kvar våre øyre. Til å høyre og lære. Kvar vår munn. Til å spørre og fortelje. Det delar vi.

Å dele ei tid
Kva fortel vi om oss sjølv? Reflekterar vi over kva vi gjer? Historie blir skrive i etterkant, korleis skal vi vite kva vi er med på i augneblinken? Ei dama sa i ein appell til okkupantane i leiren Sebastião Sequeri at ”eg lurer på om de veit kor viktige de er. Kor stor og viktig kampen dykkar er, og kor bra arbeid de gjer med den”. Eg kan godt sjå for meg at inne blant alle bønnegrytene, klesvaskane og dei forseinka møtene er det lett å gløyme dette. MST er kanskje den største sosiale rørsla i verda, men sjølv ikkje her kan det vere 1. mai kvar dag. Kampen for jord består mykje i å vente. I årevis sit ein og ventar på at byråkratiet skal gå, utan mulegheit til å påverke tempoet i prosessen, fråtatt mykje medbestemmelse over sitt eige liv. Kvardagane kan vere lange. Det er nødvendig å dele ventetida, nødvendig å samlast for å minne kvarandre på kva ein er med på.
For det største MST delar er noko eg aldri får del i: Dei delar målet. Jordreform. Svære greier. Men likevel: veldig konkret. Dei har vunne kvar gong ein familie får jord, kvar gong ein okkupasjonsleir blir busetnad. Ein liten siger, ein liten revolusjon, eit lite steg på vegen mot den store omveltnaden. Målet og middelet er del av den same heilskapen, kjøleskapet vårt er med på kampen. Eg skulle ønske det visste kor heldig det er.