onsdag 21. november 2007

Ferieromanse

Kvifor eg elskar Brasil? Akkurat no; alle dei tradisjonelle grunnane. Det er fantastisk aa gaa paa eit karneval paa gata naar eg gaar rundt i det du trudde var ein stygg vegkryssby og ventar paa bussen, og aa plutseleg er det fullt av gjoeglarar og klovnar overalt rundt meg, og det dundrar fraa 60 - 70 trommer i sambaorkesteret og folk dansar samba paa stylter og det er alle fargar du kan tenke dge og fleire og alle smil gaar heilt rundt hovudet. Det er lett aa bli glad daa. Naar det ikkje gaar an aa gaa ein einaste dag utan aa treffe nye folk. Naar den superstressa servitoeren paa den lille buffetplassen tar seg tid til aa finne ut kvifor i alle dagar eg ikkje et kjoet? Han forstaar det ikkje, men syns berre eg er rar paa ein morosam maate.

Og Rio. Rio har saa mykje vakkert; vakre menneske, ansikt, fantastiske dreadlocks, gatekunst, fine balkongar og bakgaardar. Eg har aldri opplevd noko saa opent og inkluderande som den byen. Det er utruleg vakkret med folk som er saa stolt av byen sin som klonelaeraren vi traff i den fantastiske flisetrappa i Lapa (ein kunstnar har kledd heile trappa med fliser fraa heile verda), som syns det er kjempestas aa treffe to norskar og fortelle om alt og henge med kompisane hans og drikke cachaça og laere stygge ord paa norsk... Det er umuleg aa dra heim foer neste dag.

Rio luktar kvitlauk og brent plast og blomster og tiss og kokt mais og grilla kjoet. Rio foelest som aa sitte paa eit blad som aldri sluttar aa vekse. Hoeyres ut som ein masse orkester som moetast i eit kryss og paa ein eller annan maate passar saman. Smakar som chili og lime. Og ser ut? Som det lappeteppet det er heilt umuleg aa lage fordi det ikkje fins nok fargar, traadar, stof eller former til det.