måndag 12. november 2007

Gal federal

No er eg saa sint at eg eigentleg ikkje burde skrive noko, men eg klarar ikkje la vere. Hadde eg vore mann, hatt dyr dress og vore over foerti (eller kanskje ein av delane hadde vore nok) hadde eg hatt nytt visum no. I staden har eg oerten svaere drosjerekningar, vaate bein, innestengt sinne og berre 11 dagar lovleg opphald i Brasil. ARG!

Eg hadde aldri trudd det blei nokon kosekveld aa fornye visumet mitt, men det gjekk liksom heilt gale fraa starten av. Vi var flinke aa staa tidleg opp for aa komme i gong, men saa opna ikkje internettkafeane foer ni, bankane ikkje foer ti, frukosten paa hostellet var ikkje foer ni, og naar vi endeleg hadde 1) fylt ut og printa ut skjemaet 2) vore i banken og betalt avgifta 3) kopiert kvitteringa 4) tatt metro og drosje gjennom heile byen til hovudkontoret til Policia Federal (det statlege politiet) saa var det ikkje dit vi skulle likevel, utlandsspoersmaal var midlertidig flytta til flyplassen.

Ny drosje. Vi fann Policia Federal, dei var open, koea var ikkje lang og vi var heilt sikkert paa at vi hadde alle dei rette dokumenta med oss; pass, visum og avgiftskvittering. Men mannen bak skranken var endaa sikrare paa at om vi ikkje hadde med oss returbillett (som vi ikkje hadde, dei ligg i Florianapolis, ca 24 timar busstur vekk) saa fekk vi ikkje nytt visum. Det rare er at vi er dei einaste brasilbrigadistane i historia som er blitt bedt om returbillett - du faar jo ikkje turistvisum utan at du har det, og det visste han godt, men maatte no sjaa billetten likevel. Han sendte oss til flyselskapet for aa skrive ut nye billettar, og saa matte vi komme att i morgon, for det var ikkje paa tale aa halde ope fem minutt lenger for aa hjelpe oss, her skulle det stengast klokka eitt.

Hos flyselskapet traff vi endaa fleire sure menner. Ikkje snakk om at dei kunne skrive ut nye billettar, sidan dei vi hadde ikkje var elektroniske og vi ikkje hadde med oss reservasjonsnummeret eller flightnummeret eller ka faen slags nummer det no var vi sjoelvsagt ikkje hadde sidan det staar paa billettane. Til slutt fekk vi eit slags papir skrive ut paa aatti-talsprinter, men mannane nekta aa skrive under eller stemple det, saa kven veit om det hjelp til noko som helst.

Trippelarg og grumpf. No maa eg bruke morgondagen og til aa snakke med endaa fleire sure byraakratitryner, i staden for aa henge rundt i Rio som kanskje er den finaste byen eg har vore i nokon gong. Jaja. Neste gong eg skal fortelle ei heil historie her skal det vere ei koseleg ei. Eg lovar, for det er nok av dei og. Berre foeles langt vekk akkurat no..


DEL 2
"Du har ikkje rett paa ein dritt! Det er eg om bestemmer her, eg bestemmer kva du har rett paa, 10, 20 eller 50 dagar forlenging av visum. Du har ingen rettigheitar her!"
Jepp, mannen var ikkje noko blidare i dag... Han godtok lappen vaar fraa flyselskapet daa, mot all forventning, men nekta aa gje oss dei 90 dagane vidare vi har krav paa, noko som foerte til at Kine fekk denne skylleboetta. vi fekk berre til dagen etter datoen paa flybilletten vaar, som fleire hadde tenkt aa forandre. Ein kan vel sei det saann at det blei ei lita scene. Det heile endte med at Ingrid ropte etter han at han burde dra aa vaske doar.

SNUT ER UT!